Eggum Gard

Velkomen!

EGGUM GARD er ein gamal tradisjonsrik gard med bygningar frå 1674 og hytter frå 1929.

Vi legg vinn på å halde på særpreget ved garden og ynskjer å tilby eit roleg, behageleg og barnevennleg miljø. Her finn du også eit gardsmuseum med mykje interessant.

Garden ligg midt mellom fjord og fjell. Passar godt som utgangspunkt for dagsturar i nærområdet. På garden  kan ein koma i kontakt med sau og lam.

5 utleigehytter er i dag renoverte til høgstandard og er fullt utstyrte.

Vi har ein liten leikeplass for dei aller minste, vi kan leige ut syklar,  og vi har ei fiskeelv med aure.

Eggum gard ligg ca 400 meter frå nærbutikk,  fotballbane og sandvolleyballbane.

I sentrum finn ein også ei ridebane, der ein kan bestille ridetimar.

Eigarar av Eggum Gard:  Marta Jansen og Dag Lennart Andersson.